CECILIE M.H

CECILIE M.H

Member since Invalid Date
1
Review
4.0
4 out of 5 stars
Average rating

Reviews by CECILIE M.H

AM

Amisol Travel Norge

View company profile →

4 out of 5 stars

Costa degli dei, Tropea. Italia

Akkurat kome heim i frå ei veke på fantastiske Costa degli dei. For ein service, god og variert mat og flott reinhald! Dei tilsette gjorde alt for at vi skulle ha ei god oppleving. Sesongen hadde akkurat opna opp og rommet vårt bar preg av innestengt og mugg lukt når vi kom. Gav beskjed om dette og dei vaska ned heile rommet og kom og sjekka fleire gonger korleis vi hadde det. Reint og fint kvar dag, All inclusive og ein hadde alt ein treng til ei kvar tid. Minus som lett kan ordnast med litt tilbakemeldingar: Kunne godt ha fått litt meir informasjon om det som skulle skje på hotellet, kva tilbod som var inkl som td snacks , lokale vintyper osv. Svært få av dei tilsette som kunne engelsk og ingen informasjon på engelsk, alt på italiensk.( vi kom alltid fram til det vi spurte om med positive og serviceinnstilte tilsette). Og det hadde vore topp om det kunne stå skilt framfor matrettane slik at vi slapp å spørre om kvar rett. Fekk tydeleg beskjed på bussen av guide om å laste ned Amisol appen fordi der ville informasjon om avreise mm komme. Fekk aldri informasjon om avreisetidspunkt til flyplassen sjølv om vi sende melding og spurte om dette til guiden gjennom appen. Fekk òg beskjed i dagane etter ankomst i frå guide at vi måtte ta i bruk WhatsApp ( dette er ein app som vi med jobbtelefonar ikkje har lov å nytte og det vart difor vanskeleg å kunne kommunisere med guide om ein trenger hjelp/info). Om en ser vekk i frå det som har med informasjon å gjere , er det virkelig verdt eit besøk til Costa degli dei resort. Veldig flott tillaga på stranda men store og glatte rullesteinar gjer det vanskeleg å kome seg inn og ut av stranda utan å krype, for å unngå å skli og skade seg, sjølv med badesko. Der er laga til ei lita brygge som var lagt ut når vinden ikkje var for sterk som gjorde det litt enklare om ein ville ut å svømme.Men deilig, klart og varmt vatn. Vi tok toget til Scilla (ca 15 min å gå til togstasjonen ), vakkert og kan anbefalast til liks med tur til Tropea. Nydelig plass, kan godt kome tilbake!